Made In Voss
Frå idé til ferdig produkt, ditt lokale verkstad på Voss
I ei verd prega av global frakt, AI og store konsern, trur me framleis på å skapa ekte produkt saman med ekte menneske
Ansikt til ansikt: Slepp lange e-postutvekslingar; kom innom verkstaden for å verifisera og finpussa designet personleg.
Kjenn på kvaliteten: Sjå vareprøvar og test materialet før me startar produksjonen.
Inga ventetid: Slepp internasjonal frakt og toll berre rask, lokal levering.
Direkte støtte: Om noko må løysast, gjer me det her. Ingen kundesenter, berre oss.
Sjølve hjarta i Made In Voss er ynskjet om å halda den lokale kulturen vår i live. Alt arbeid me gjer på verkstaden bidreg til å halda dørene opne hjå den lokale skatesjappa, og sikrar ein heim for miljøet her i bygda. Me brenn for å skipa til arrangement for adle aldrar, og for å byggja eit sterkare fellesskap gjennom skating og snowboarding
Sjå meir av kva me driv med på Instagram: instagram.com/eightyninevoss
Få eit prisoverslag kontakt oss direkte på: bart@eightynine.no